Halv åtte ein kveld i november

Søndag 16. november kl 19.30 går hovudsatsinga vår denne hausten av stabelen. Staden er Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Sett av kvelden til ei flott konsertoppleving allereie no!

Vi får besøk av vokalgruppa Halv Åtte frå Ålesund. Vi saksar frå nettsida deira:

"
Vi er ni sangere bosatt i og rundt Ålesund, med mange års erfaring fra diverse kormiljø som Ålesund kammerkor, Oslo kammerkor, SKRUK og Det norske kammerkor. Vi har et variert repertoar med sanger plukket fra eksempelvis The Real Group, Swingle Singers, Stevie Wonder, madrigaler m.m."

Gollj og gråstein vil på si side presentere både nytt og gamal stoff - i ein god miks av ledige og lødige songnummer.

Dette tru vi vert ein flott kveld - vi gler oss til å sjå deg!

Ingen kommentarer: