Heilt "gollj"

(Utsegna i overskrifta har vi ikkje soge av eige bryst, men henta frå framsida av lokalavisa "Vikebladet" tysdag 18. november.)

Omlag 150 frammøtte fekk med ein seg ein og ein halv time med variert vokalmusikk i Sjøborg kulturhus søndag 16. november. Gollj og Gråstein opna stunda med ei "ledig" avdeling som omhandla viktige tema som sport, mannsrolla og kjærleiken.

Publikum vart i byrjinga av konserten lova eit lyft når "Halv åtte" fekk sleppe til. Den lovnaden viste seg å verte innfridd - til fulle! Sjølv om koret hevda at mykje gjekk på "halv åtte" (lokalt utrykk for at ting ikkje er i sin fulle orden) for tida, gav ikkje dette seg utslag i vokalprestasjonane. Publikum fekk også her høyre om kjærleiken, Beatles var representerte, og vi nemner spesielt "Joshua fit the battle of Jericho". Koret leverte til saman ni høgdepunkt!

I si andre avdeling framførte Gollj og gråstein meir "lødig" (vektig) stoff - 5 nummer i alt, og kora avslutta konserten i lag, med "What a friend we have in Jesus".

Ekstranummeret "Joshua..." tok "Halv åtte" seg av, saman med nokre representantar for gollj.
  • Takk til eit uvanleg flott og engasjert publikum, som møtte opp frå store deler av søre Sunmmøre.
  • Takk til eit eminent "Halv åtte", vi hører dykk gjerne igjen!
  • Takk til Kari dirigent - "gollj"!
  • Takk til Jan Thormodsæter for god lyd (og lys!).
  • Sponsorane som støtta oss med annonser i forkant av konserten!
Vi gjer gjerne lokalavisa sine ord til våre, og takkar for ein kveld i Sjøborg der - i alle fall vi i Gollj og gråstein - hadde det heilt "gollj".

Ingen kommentarer: