Heime åleine 10. oktober?

Då bør du få med deg Gollj og gråstein sin "Heime åleine"-konsert i Hareidhallen!

Denne kvelden presenterer vi eit stort og variert utval av musikk vil sjølve likar å høyre - og synge.

Vi har gått laus på ein god del nytt repertoar, noko lett, noko lødig, som vi til dels har fått spesielt arrangert for Gollj, som vi no gler oss til å presentere. Vidare har vi sjølvsagt ikkje lagt vekk dei gode, tradisjonelle mannskorsongane som mellom anna Johan H Grimstad har komponert og arrangert.

Karane i koret byrjar å nærme seg vaksenalderen, men ein skal ikkje sjå bort frå at det kan dukke opp andre og yngre songkrefter på enkelte nummer...

Ingen kommentarer: