Heime åleine i Hareidhallen

Laurdag 10. oktober gjekk hovudsatsinga vår denne hausten, "Heime åleine"- konserten, av stabelen. Vi hadde ein flott kveld med eit flott publikum i Hareidhallen!

Ei stor takk til:
  • Dykk som møtte fram og høyrde på!
  • Gjestesolistane Truls Håbakk og Ingvild Mork med pianist Oddgeir Nygjerde, samt gjestekorist (og -solist) Arnt Ole Grimstad.
  • Lydkjelleren i Ålesund som laga godlyd og -lys
  • Hareidsstemna som lot oss vere heime åleine.
  • Næringslivet som har vore med og støtta oss med annonser.

Her kan du lese omtale av konserten i Sunnmørsposten og Vikebladet.

Gollj avslutta kvelden med utsøkt tapas på Posten på Hareid, der vi tok mannskorklassikaren "Spiseseddelen" før måltidet, med god hjelp av ein tenor frå Vox Virorum....

Ingen kommentarer: