Sett av 15. oktober 2011!

Vokalgruppa ”Kaarstadbygget” er tilbake på Hareidstemna for å halde konsert ilag med ”Gollj og gråstein”. Då ”Kaarstadbygget” var her sist i 2005, karakteriserte Vikebladet konserten som ”ein innertiar”. Laurdag 15.oktober er dei tilbake i Hareidhallen, og med seg har dei ei rykande fersk plate som skal sleppast den helga. Publikum kan difor gle seg til nytt stoff i tillegg til songar frå dei to første platene.

” Gollj og Gråstein” har denne hausten øvd inn programmet ”Gollj på norsk”, og har eit reint norsk repertoar som spenner frå CC Cowboys til Johan H.Grimstad. Det heile er krydra med fleire kjende norske songar i nye arrangement . Fleire av songane arrangert av songarar i nettopp ”Kaarstadbygget”.

Vokalgruppa ”Kaarstadbygget” består av åtte menn, og har sitt utspring frå Høgskulen i Volda (lærarskulebygget i Volda heiter Kaarstadbygget/Kaarstadhuset). Songar Arnt Ole Grimstad fortel at gruppa no er spreidd over ”heile landet”, men at dei møtast fleire gongar i halvåret til song og moro. Gruppa ga i 1999 ut cd-en ”Svamp”, og i 2005 kom pop-plata ”Nonstop a cappella” som har selt i fleire tusen eksemplar, og som i Vikebladet fekk overstrøymande kritikkar. Gruppa har fleire gongar opptredd på ”God morgon Norge” på TV2, sunge på Polarjazz på Svalbard, og vore med i kulturprogrammet til Nordea og Telenor. I slutten av oktober skal dei synge i Oslo spektrum under KRIK (Kristen idrettskontakt) si store 30-års markering.

Men først kjem dei altså til Hareidstemna, der dei ilag med ”Gollj og Gråstein” vil gi publikum ein variert og innhaldsrik a cappella konsert. Her vil det bli songar ifrå både ulike sjangrar og tidsepoker, der dei gjennom spennande arrangement brukar stemmene som instrument. I tillegg til at dei to gruppene vil ha kvar si avdeling, tenkjer dei også å toppe konserten med nokre fellesnummer. Alt ligg med andre ord til rette for ein mannssterk songkveld i Hareidhallen. Og med alle dei songglade som finnast i regionen, reknar vi med at det blir fullt hus.

Ingen kommentarer: